
"Det nappa! Eller, nei det va sikkert ingen ting." Vi hadde dorgen
nesten i bunn. Lykkeliten tøffa sakte avgårde mellom nåken holma
utafor Espevær på Bømlo. Kl 17 reiste vi fra Haugesund, på
speilblank sjø. Segla var til tops, men bare for syns skuld. Vi segla
med motoren på full guffe, derfor hadde vi mykje energi igjen då vi
kom til Espevær i 8 tida. Det fins vel ingen bedre plass å prøve
fiskelukka? Og du verden for ei lukke! Hahah! Den stakkars torsken som
vi fekk hadde bete seg fast nesten med ein gong, uten å bli trudd.
Derfor blei den med på ein lang bunntur, fast i tang og tare, forbi
mange teiner før han endeleg blei oppdaga. Og då vart det middag på
fiskarane! No ligg vi i Espevær. Ei veldig koslig havn, med eit lite
sund som snirklar seg innover. Og til å holde oss med selskap har vi
ein gigantisk yacht, som vi tippar er årets samtaleemne her i bygda.
Vi hadde tenkt å legge oss på utsida av den, men fendrane våre var
litt små, og taua ikkje lange nok. Jaja. Mette og gode etter
tilbehøret til fisken, lykkelige over herlige daga i havgapet! Helsing
Lykkeliten og mannskapet.